Du er her://Resjemheia
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Over Resjemheia og ut i verda..

Mattis Kleppen fekk stor merksemd for plata «El Bokko», som baserer seg på det fantastiske tingingsverket han framførte på Telemarkfestivalen i 2015. I åra etter har Kleppen malt dette spanande musikalske landskapet vidare, der han på sin særskilde måte set musikk frå eigen oppvekst i Telemark opp mot kvarandre på nye måtar – hardingfelemusikken frå oppveksten i Bø, bluesmusikken frå bandmiljøet på Notodden, samt afromusikken han oppdaga utover 80-tallet. Musikken speglar blandinga av slåttemusikk og blues som har stått sterkt i Midt-Telemark sidan 1970-talet – og væpna med hardingfele, fuzzbass og doble basstrommer går trioen til angrep på slåttemusikken med stor respekt. Dei tek oss gjennom vare stemningar, utagerande eksplosjonar og mørke dystopiar. Kleppen har nyleg vore i studio og kjem heim til Telemark med ferske låtar – og kanskje nokre gjestemusikarar?

 

Obs! Konsertstart ca kl 00:30! 

Medverkande
Mattis Kleppen – ymse bassgitarer, song
Ottar Kåsa – hardingfele, gitar, song
Kenneth Kapstad – trommar, song

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.