Du er her://Ragnhild Furholt Trio
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Hits frå Agder!

Ragnhild Furholt Trio opnar dørene til den blomstrande folkesongen på Agder. I dette landskapet kling dei velkjende balladane «Rosensfolen» og «Nøkken», men det finst også mange meir eller mindre skjulte skattar; slik som slåttesteva «Espelandsjenten’» og «Å gjev eg var heime», nystev, vidunderlege alvorstunge salmar, glade og triste kjærleiksviser, barneregler og ikkje minst eit vakkert brureslag frå Ragnhild sin heimekommune Songdalen; «Når vårevinden suser». På «Vårevinden» er det ensemble-formatet, som får leike med og setje farge på songskattane, og romstere i dei som små løyndomane og spesielle detaljane som finst i musikken og tekstane i den vest-egdske folkesongen. Og vokalen får blomstre side om side med sekkepiper, trøorgel, klarinett, meråkerklarinett, langeleik, hardingfele og munnharpe, gitar og kalimba!

 

Medverkande
Ragnhild Furholt – vokal
Anders Erik Røine – gitar, langeleik, hardingfele og munnharpe
Elisabeth Vatn – trøorgel, klarinett, meråkerklarinett og kalimba

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.