Du er her://Raabygg
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Folkemusikk frå indre Agder

Raabygg består av tre musikarar med felles interesse for både hits og bortgøymde låtar frå Agder. Med hardingfeler, song og harpeleik tek dei fatt i gamle melodiar og arrangerer desse intuitivt. Kjernerepertoaret til Raabygg er folkemusikk frå Råbyggelaget, som er ei gammal nemning for dei indre bygdene I Agder. Musikken har eit stort spekter, og gruppa tek føre seg gangarar, springarar, brureslag, bånsullar og all slags runddans. I den eine augneblinken spelar gruppa forrykande rilar, medan dei i den neste syng ein dyster brureslått acapella. Dei siste åra har Raabygg spelt mange konsertar rundt om i landet og vore å finne på mangt eit festivalprogram. Under Landskappleiken i Vågå i 2016 vann dei Open klasse og fekk med det innpass i Den norske opera og ballett på meisterkonsert påfølgjande haust. Det markerte slutten på lanseringsturneen for debutalbumet «Ein etter far», som kom ut i oktober.

 

Medverkande
Johanne Flottorp – hardingfele, vokal
Tuva Færden – hardingfele, vokal, lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore – harpeleik, vokal, munnharpe

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.