Du er her://PolkaBjørn og Kleine Heine
Laster Arrangementer

Kompromisslaus jodling og trekksprell

Ei deltaking på Jodlerfest i Huttwil, Sveits, sommaren 2007 resulterte i duoen Polkabjørn & Kleine Heine. 10 år seinare har dei nok sine beste år bak seg, med konsertar for både konge, utanriksministar og fillefrans. Samt blitt stjerner i ein NRK-dokumentar om seg sjølve. Dei har òg rokke å bli kjende som kanskje det mest usannsynlege oppvarmingsbandet i nyare tid, med oppvarmingsjobbar for både A-ha, Mods, Deana Martin, Katzenjammer og Ski-VM 2011 i Oslo. Virtuosen Kleine Heine er kjend som trekkspelets svar på Matti Nykänen, utsvevande og god med kniv. Polkabjørn er ikkje berre Nord-Europas beste jodlar, men har òg blitt ein anstendig strupesongar etter å ha gått i lære i tjukkaste Mongolia hos den verdskjende strupesongkvartetten Huun-Huur-Tu. Polkabjørn & Kleine Heine vil by på kompromisslaus jodling, tysk undergangsmusikk frå 30-åra, angloamerikansk populærmusikk, Jens Book Jensen og smakebitar frå det lenge venta debutalbumet ”Apolkalypse nå!”. Med ein musikk som tærer på både musikarar og publikum har dei toppen eit par gode år igjen. Gå difor ikkje glipp av sjansen til å oppleve dei live på Telemarkfestivalen – for høvet forsterka med ein operasongar!

 

Medverkande
PolkaBjørn – jodling, strupesong
Kleine Heine – trekksprell
Hallvar Djupvik – song i særskild høge toneartar

LaurdagsFOLK

Kl. 20:00 – Wilhelmsen, Heilo og Karlsen – Gullbring kulturanlegg
Kl. 21:00 – Gulaza – Storsalen, Gullbring Kulturanlegg
Kl. 22:00 – Odd Nordstoga – Gullbring kulturanlegg
Kl. 23:30 – PolkaBjørn og Kleine Heine – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
4 konsertar for 600,- Kjøp billett

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.