Du er her://Panelsamtale: Forbode musikk
Laster Arrangementer

Spennande og aktuell samtale om ytringsfridom og forbode musikk!

Åsmund Olavsson Vinje reknast som ein viktig og original pioner i norsk litteratur og offentleg debatt på 1800-talet. Forfattarskapen til Vinje kan gje grunnlag for å diskutere ei rekke problemstillingar som er relevante for debattar i samtida –  mellom anna ytringsfridom. Gjennom sitt arbeid som journalist, korrespondent og redaktør var han ein markant samfunnskritikar. Det Vinje sjølv kalla tvisyn er eit kjent trekk ved hans sakprosa – eit omgrep som handlar om motstridande perspektiv i ein og same tekst.

I panelsamtale vil deltakarane ta utgangspunkt i spørsmål som: Er Vinje sitt tvisynomgrep relevant i dagens debatt om ytringsfridom? Korleis ville Vinje uttrykt seg i dag? Og korleis kan ein relatere folkemusikken til spørsmål om ytringsfridom? Korleis kan ein forstå musikk som politisk ytring og kvifor blir musikk sensurert i dag? Professor ved OsloMet, Jan Sverre Knudsen, vil innleie om tema.

Medverkande
Medverkande:
Pål Moddi Knutsen – musikar, forfattar
Nazneen Kahn Østrem – journalist, forleggar
Jan Sverre Knudsen – professor, Oslo Met
Martine Johansen – slampoet, forfattar
Klemet Anders Buljo – musikar

Obs! Endringar kan kome.

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.