Du er her://Øyonn & SISU: «Runartromma»
Laster Arrangementer

Ei vidunderleg og forunderleg familieframsyning

«Runartromma» handlar om ei trist jomfru, tre trommeslagarar, ein herre med hatt som bur på botnen av ei elv, og ein kjempestor tromme med rare figurar som dukkar opp mot slutten … og som viser seg å ha spesielle kreftar. Framsyninga hadde urpremiere som eit tingingsverk for Telemarkfestivalen i 2009. Urframføringa vart kringkasta på NRK Radio, og er sidan oppført på ulike scener i Norge og i utlandet, mellom anna i Tyskland under Tamburi Mundi – verdas største rammetromme-festival.

 

Lyrer, harper, basslangeleik, hakkebrett, bjøller, gongar, skeier, smellstikker, cistern, slåttetrommer, rammetromme og sjølvsagt – runartromma, danner det musikalske bakteppet. På kinolerretet vil det visast teikningar laga av Sverre Jensen, som illustrerer handlinga i historia, slik at også dei minste barna kan hengje med!

 

Øyonn Groven Myhren  er av dei få som ivaretek ein levande tradisjon for middelalderballadar, medan SISU er eit at Europas mest profilerte slagverksensemble. I lag skipar dei til ein spennande og morosam framsyning som store og små vil sette stor pris på!

 

 

Medverkande
Øyonn Groven Myhren – vokal og ulike harpeinstrumenter



SISU:

Tomas Nilsson – hakkebrett og perkusjon

Bjørn Skansen – langeleik og perkusjon

Bjørn-Christian Svarstad – basslangeleik og perkusjon

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.