Du er her://Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga: «Nivelkinn»
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Atthøyr med sagnomsust tingingsverk

«Nivelkinn» er ein eigen diktsyklus i Aslaug Vaas debutsamling «Nord i leite» fra 1934. Det er eit trekantdrama lagt til Nivelkinn – eit fantasirike som har klare geografiske og språklege likskapstrekk med oppveksten til diktaren i Kviteseid. Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga har i sitt arbeid gitt Aslaug Vaa sin diktsyklus ei musikalsk drakt. Til dei gamle tekstane har dei to først og fremst laga folkemusikkinspirert musikk, men med klare referansar til meir moderne musikk. Platelanseringa resulterte i Spellemannpris eitt år etter suksessframføringa på Telemarkfestivalen 2001. I fjor haust blei Nivelkinn sett opp att på Riksscenen i Oslo med tre utselde framsyningar. I år kjem verket endeleg heim att til Telemarkfestivalen.

 

Medverkande
Øyonn Groven Myhren – vokal, lutt
Odd Nordstoga – vokal, gitar, trekkspel
Innleiing ved Johan Vaa. 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.