Du er her://Opningskonserten
Laster Arrangementer

Konfekteska med dei mange gode bitane!

Opningskonserten vil gi publikum nokre smakebitasr frå festivalprogrammet med både kjende og ukjende utøvarar frå fjern og nær, som alle vil spegle den musikalske festen  Telemarkfestivalen er.

Kulturministar Trine Skei Grande opnar festivalen , og forleggar Nazneen Kahn-Østrem skal leie oss gjennom opningskonserten. Her vil tankar frå Aasmund Olavsson Vinje og strøymingar frå «Flower Power»-rørsla finne saman i eit eiget og aktuelt program om forbode musikk og ytringsfridom.

Den spennande gruppa 9 Grader Nord, ringrevane Ånon Egeland og Mikael Marin og deltakarar i UngFOLK vil vere av dei som skal sette preg på opningskonserten. Og gitarmagikar Knut Reiersrud gir oss ein smakebit frå  2018-tapninga av «Tramp».

Konserten avsluttast med eit heidringsprogram til ære for spelemann og festivalven, Leif Rygg, som diverre gjekk bort i februar 2018. Her vil Per Anders Buen Garnås, Torgeir Straand og Gunnar Innleggen  minnast ven og kollega, Leif Rygg, med spel og historier.

Velkomen til ei nydeleg konfekteske av ein konsert!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.