Laster Arrangementer

Konfekteska med dei mange gode bitane

Denne opningskonserten vil gi publikum nokre smakebiter frå festivalprogrammet. Dei musikalske innslaga vert som vanleg mange og varierte med både kjende og ukjende utøvarar frå fjern og nær, som alle vil spegle den musikalske festen som Telemarkfestivalen er.

I år vil forfattaren Dag Solstad stå for den offisielle opninga av festivalen, medan Åslaug Sem-Jacobsen vil leie konserten med stødig hand. Frå scenen vert det skotske balladar frå Ivan Drever, folkemusikk frå indre Agder frå Raabygg og Fjøllmanjentun svarar med musikk frå «Skattlandet», eller Telemark som det kallast til dagleg. Det vert ein sjeldan opptreden frå Halvor Bringa med «Ryntveit-visa», og hardingfelemakar Ottar Kåsa og hans japanske lærling Keisuke Hara møtast for ei samtale om tilstanden i felemakarverksemda. Eit meir langreist innslag kjem i form av Gulaza som kjem med tradisjonelle kvinnesongar frå Jemen i eit meir moderne og usannsynleg vakkert uttrykk.

Som ein del av festkonserten vil me hedre to bautaer i folkemusikkmiljøet som diverre gjekk bort i 2016 – Olav Sem og Nils Flatland. Som seg hør og bør vil det skje i form av eit program med spel og dans frå folkedansmiljøet i Telemark.

Velkomen til ei nydeleg konfekteske av ein konsert! 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.