Du er her://Opning av festivalutstilling og konsert med UngFOLK
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Telemarkfestivalen gjennom linsa til Knut Utler

Fotograf Knut Utler feirar 10 årsjubileum som festivalfotograf på Telemarkfestivalen med ei eigen  utstilling. Med sitt eksepsjonelle blikk for detaljar og uttrykk har Knut Utler foreviga fleire tusen unike konsertaugneblink og formidla den fantastiske stemninga på Telemarkfestivalen gjennom bileta sine. Som årets festivalkunstnar har Utler brukt vinteren til å plukke ut om lag 50 magiske augneblink frå festivalsoga som vert utstilt i glas og ramme i Framstugo i høve festivalen.  Dette vil vere ei salsutstilling, så det vil med andre ord vere mogleg å få ein magisk augneblink frå Telemarkfestivalen på veggen heime!

Det vert konsert med UngFOLK i høve opning av utstillinga.

Ps. Utstillinga vert ståande framme frå fredag 10. august til fredag 31. august.

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.