Du er her://Øyonn, Bugge, Anne og Anders: «Nordjordet»
Laster Arrangementer

Øyonn, Bugge, Anne og Anders – eit stjernelag!


Øyonn Groven Myhren og Bugge Wesseltoft har jobba i lag i 20 år, og endeleg materialiserar samarbeidet seg på plate. Materialet til «Nordjordet» er spelt inn i bestefar Eivind Grovens orgelhus på Ekeberg i lag med musikarane Anne Hytta på feler, Anders Røine på langeleik, munnharpe og gitarar og Tomas Nilsson på perkusjon.

Medverkande
Øyonn Groven Myhren – song, lyre
Anne Hytta – feler
Anders Røine – langeleik, gitar
Bugge Wesseltoft – tangentar
Tomas Nilsson -perkusjon

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.