Du er her://Ni Liv (Obs! Utandørs)
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Ni Liv feirar 15 års jubileum med knallkonsert på Telemarkfestivalen!

Lyden av Midt-Telemark

Ni Liv er eit countryrockband frå Bø med klare referansar til den lokale folkemusikktradisjonen. Musikken ligg i landskapet i og rundt sjangrane amerikana, countryrock og folkrock. Gruppa spelar originale låtar og framfører tekstar på Bø-dialekt forfatta av frontfigur og vokalist Jon Solberg. Dei har sidan starten i 2003 spela over 350 konsertar rundt i Noreg og gjeve ut sju album. Plata Langhelg frå 2011, blei nominert til Spelemannspris i country-klassa. 11. mars 2016 kom Ni Livs sjuande studioalbum, Broder, med 12 nye låtar.

Mykje av den musikalske inspirasjonen er henta frå bandmedlemmenes største heltar: Old Crow Medicine Show, Paul Simon, The Rolling Stones, Bruce Molsky, The Band, Steve Earle og Dolly Parton. Tekstane gjev eit usminka blikk på livet og tida me lever i. Ni Liv skriv og komponerer, arrangerer og produserer all musikken sin sjølv, og spelar inn låtane live i studio. Det skal vera ekte og energisk.

I 2018 feirar bandet sitt 15-årssjubileum, og det ryktast om ny musikk!

Medverkande
Jon Solberg – song, gitar, fele
Knut Olav Sandvik – bass og kor
Terje "Meisen" Meisingset – tangentar og trekkspel
Jan Birger "Joffe" Akerhaugen – gitar og kor
Eivind Aase – trommer og kor

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.