Du er her://Mizgîn / Marja Mortensson
Laster Arrangementer

Kurdisk song i møte med sørsamisk joik!

Mizgîn syng og speler kurdisk folkemusikk med inspirasjon frå den kurdiske og tyrkiske songboka, dyp sufi-musikk, dylanesiske rockedikt og gamle nordiske songar. Mizgin og musikken hennar har fått stor merksemd ho har mange fans over heilda verda. Mizgîn er for tida busett i Danmark. Her har ho blitt nominert til fleire danske Grammy-prisar, og ho har òg motteke stipend fra Statens kunstråd. Ho er ei stor stjerne som har spelt på alle dei store internasjonale festivalene, og me er svært stolte over å at Mizgîn no kjem til Telemarkfestivalen for konsert på Villa Lunde.

Marja Helena Mortensson er ein ung sørsamisk joikar og songar som allereie har stor annerkjenning nasjonalt og internasjonalt. Fødd inn i en reindriftsfamilie, er Marjas liv, så vel som musikken hennar, solid forankra i den sørsamiske livsstilen. I 2017 hadde Marja ei sentral rolle i «Tråante» – ei stor konserten i Trondheim som markerte 100-årsjubileumet for den den første samiske forsamlinga i 1917. I 2017 lanserte Marja òg sitt anerkjende debutalbum «’Aarehgïjre’ – Early Spring». Berre eit år seinarere gav ho ut albumet album «’Mojhtestasse’ – Cultural Heirlooms». Plata vart nominert som det norske bidraget til Nordic Music Prize i 2018, samt Spellemann i klassa «Folkemusikk/Tradisjonsmusikk».

Medverkande
Mizgîn (Kurdistan): saz, vokal
Enis Ahmed (Bulgaria): tambourah
Anders Honoré (Danmark): sopran-saksofon

Marja Helena Mortensson – song, joik
Daniel Herskedal – tuba, basstrompet

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.