Laster Arrangementer

Telemarkfestivalen inviterer som vanleg til folkefest og laurdagsstemning. i åt inviterer me til det som garantert vert ein fantastisk konsertkveld på Sandvin med Ingebjørg Bratland & Odd Nordstoga: «Langt Heimafrå», Dallahan og Ruby Red & the Moonshine Brothers. 

Billett til heile kvelden: 595 kr + bill.avg. 
Billett til kun Dallahan og Ruby Red & the Moonshine Brothers: 300 kr + bill.avg. 

Dørene opnar kl 19:00. 

 

 

Kl. 20:00 – Ingebjørg Bratland & Odd Nordstoga: «Langt Heimafrå»

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga saman att!
Det er no gått over ti år sidan duoen spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og i 2013 heldt Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga ein nydeleg konsert i lag på ein stappfull Skogen gard i sentrum. Skogen gard finst ikkje meir, men minna frå den fantastiske «Heimafrå-«konserten lev vidare. Sidan den gong har Ingebjørg Bratland blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Nordstoga har fortsett med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. Når Ingebjørg og Odd no slår seg saman att, er det aldri langt til den rike folkemusikkarva dei begge har med seg frå barndomen i Vinje og Edland, og som dei båe har tufta sitt nydelege musikalske uttrykk på.

I 2024 kjem dei tilbake til Bø med konserten, «Langt heimafrå». Plata kom i 2023 og duoen har spelt 99 – stort sett utselde – konsertar land og strand rundt. No er turen komen til Telemarkfestivalen, og dei tek med seg alle dei nydelege låtane frå båe platene til Sandvinparken denne laurdagskvelden.

Vel møtt til ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert med to artistar med særdeles god smak – dei er nemleg kvarandre sine største fans. Dei vil ha med seg eit framifrå band til konserten i Bø!

 

 

Ca kl 22:00 – Dallahan

Festmusikk frå Skottland
Med utgangspunkt i Skottland og Irland sin tradisjonelle musikkscene, men òg inspirert av musikk frå både Balkan og Nord-Amerika, tek den skotske supergruppa Dallahan lyttarane med på ei livleg musikalsk reise med imponerande kraft og virtuositet. Dei målar sitt musikalske landskap med ein brei palett – frå vakre balladar til meir fartsfylte «jigs and reels». Dei gav ut sitt debutalbum «When The Day Is On The Turn» i 2014, og sidan den gong har dei turnert over heile verda. Dei har vore nominert i den prestisjetunge kåringa, «Folk Band of the Year» heile tre gongar. I 2023 gav dei sitt foreløpig siste album, «Speak of the Devil» til strålande kritikkar. I 2024 feiar dei 10 år som band, og Telemarkfestivalen er glade for å vere med på feiringa som vertskap for bandet sin aller første konsert i Noreg!

Medverkande:
Jack Badcock – gitar og vokal
Ciaran Ryan – banjo, mandolin og fele
Andrew Waite – trekkspel
Benedict Morris – fele

 


 

Ca kl. 23:30 – Ruby Red & the Moonshine Brothers

Fengande folkemusikk-country
Ruby Red & the Moonshine Brothers består av eitt ektepar, eitt søskenpar og to som heiter Mats. Alle desse er sørlendingar som hausten 2011 kom saman i Oslo for å spele fengande countrypop med ein snert av hardingfele. Bandet tek utgangspunkt i alt frå halshoggingssoger frå Setesdal via epleslang i Vennesla til grubling under eit tre utanfor Arendal. Det musikalske uttrykket er amerikansk, men likevel har musikken ein norsk bygdeklang over seg. Musikken til Ruby Red & the Moonshine Brothers kjenner ingen aldersgrenser, og difor kan både en bestefar på 87 og ein ungfole på 9 høyre på og setje pris på musikken. I 2023 gav dei ut si fjerde plate, «Getting Louder», til strålande kritikkar!

Medverkande:
Marte Herwell – vokal
Nicolai Herwell – akustisk gitar, vokal
Mats William Wennerberg – elektrisk gitar, vokal
Johanne Flottorp – hardingfele
Tobias Flottorp – bass
Mats Jakob Nesmann – trommer

 

 

 

Velkomen! 

 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.