Laster Arrangementer

Lær å kveda med lærermester Anne Gravir Klykken frå Skien.

Anne Gravir Klykken frå Skien er ein kvedar med stort repertoar av stubbar, viser, stev, balladar, bånsullar og slåttestev frå Telemark. Ho har sin musikkutdanning frå Høgskulen i Oslo, Universitetet i Agder og Høgskulen i Telemark , institutt for folkekultur på Rauland. Gravir Klykken har gjeve ut to soloplater: Husk opp i ring» (2000) og «Jeg har vel ingen kjærere» (2012). Ho har òg vore med på ei rekke prosjekt dei siste tjue åra og samarbeida med mellom andre: Ingebjørg Harman Bratland, Aasmund Nordstoga, Tre Sopranos, Mattis Kleppen, Sigmund Groven og Knut Buen for å nemne nokon. – Kvedarkurset passar for folk i alle aldrar – enten du har sunge mykje før eller har nett begynt med kveding. Kurset vert ein uhøgtideleg samling der me snakkar om kveding, stiltrekk og historie, og sjølvsagt skal synge oss gjennom stubbar, viser, stev, balladar, bånsullar og slåttestev frå Telemark.

OBS! Kun 15 plassar. INKL. LUNSJBUFFET

Påmelding

Påmelding med namn, telefonnummer, e-postadresse og postadresse sendast til: post@telemarkfestivalen.no

Kursverksemda på Telemarkfestivalen er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans og Norsk Musikkråd via KOMP.

Me takkar!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.