Du er her://Kurs: Nybyrjarkurs i teledans
Laster Arrangementer

Kurs for deg som vil lære deg å danse teledans!

Dette nybyrjarkurset er for deg som ønskjer å lære deg meir om teledans. Kurshaldarar er
Even Westeng og Ingebjørg Bø. Bø tevlar i eliteklassa på kappleikar, og vann Kongepokalen på
Landskappleiken i 2017. Westeng har, trass ung alder, allereie markert som ein svært dyktig
dansar. Kurset vil finne stad i forkant av «Dansefest på torget» som startar på Bø torg framfor
kommunehuset kl 16:00 – ein fin arena for vise fram kva ein har lært!

Obs! Kurset har plass til 10 par! 

 

Påmelding: post@telemarkfestivalen.no

Medverkande
Ingebjørg Bø og Even Westeng

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.