Laster Arrangementer

Ingebjørg vil leie ei songstund som passar for alle som likar å syngje. Ho vil lære bort artige småstubbar, freske slåttestev og…

Ingebjørg vil leie ei songstund som passar for alle som likar å syngje. Ho vil lære bort artige småstubbar, freske slåttestev og eit par av the greatest hits frå Telemark, nemleg bygdevisene. I tillegg skal ho dele nokre kvedartriks som gjer det litt artigare å syngje desse små skattane, og de får litt bakgrunn på kva dei handlar om og kor dei kjem ifrå. Ingebjørg synest at alle burde syngje meir, og folkesongskatten er ein ypperleg stad å starte, då den kjem frå alle. Kurset passar for alle som likar å synge!

Obs! Berre 8 plassar! 

 

Påmelding alle kurs:

[email protected]

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.