Laster Arrangementer

Kurs i teledans med Hege Johnrud og Sigbjørn Rua frå Jondalen.

Kanskje du tidlegare har dansa telespringar eller telegangar, og gløymd nokre tak eller turar? Og korleis var no den springartakta att? Dette kurset er for deg som dansar eller som har prøva å danse teledans før, og som ønskjer å friske opp kunnskapane eller lære enda meir, Kurshaldarar er Hege Johnrud og Sigbjørn Rua frå Jondalen. Dei tevlar båe i eliteklassa på kappleikar, og har mange gode plasseringar bak seg.

Kun 15 par.

Påmelding

Påmelding med namn, telefonnummer, e-postadresse og postadresse sendast til: post@telemarkfestivalen.no

Kursverksemda på Telemarkfestivalen er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans og Norsk Musikkråd via KOMP.

Me takkar!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.