Du er her://KURS: Hardingfelekurs med Johanne Flottorp
Laster Arrangementer

Johanne lærer bort repertoar frå både Setesdal og Telemark!

Johanne Flottorp kjem frå Åmli i Agder, speler hardingfele og er utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Ho har gitt ut fleire CD-ar, mellom anna med gruppa Raabygg. Johanne spelar i hardingfele klasse A og speler i hovudsak i tradisjon frå Agder og Telemark. Johanne er også musikalsk leiar i Bærum spelemannslag. Johanne har med Tovdal i Aust-Agder som utgangspunkt eit stort repertoar av slåttar frå både Setesdal og Telemark. På kurset kan deltakarane få lære litt av begge delar. Kurset vil vere eit nybegynnar-kurs.

For påmelding – send namn og kontaktinformasjon til: post@telemarkfestivalen.no

Medverkande
Johanne Flottorp - kursleiar

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.