Du er her://KURS: Banjokurs med Vincent Cross
Laster Arrangementer

Lær deg amerikanske banjo-stilar!

Vincent Cross går for å vere ein av dei dyktigaste banjo-spelarane i Amerika. På dette kurset kan du forvente ei tett undersøking av klassiske amerikanske banjo-melodier med demonstrasjon av stilane til Dock Boggs, Clarence Ashley, Lee Sexton, Roscoe Holcomb og Ralph Stanley. Du vil lære meir om korleis ein kan følge balladar og songar ved hjelp av desse stilane. Kurset er for deg som har spelt litt banjo før og ønskjer å lære meir!

Obs! Vincent spelar banjo flytande, men snakkar berre engelsk.

For påmelding – send namn og kontaktinformasjon til: post@telemarkfestivalen.no

Medverkande
Vincent Cross - kursleiar

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.