Du er her://Knut Reiersrud: «Tramp»
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Legendarisk konsert i ny tapning

I 1993 gjesta gitartrollmann Knut Reiersrud Telemarkfestivalen med bandprosjektet, «Tramp». Stemninga stod i taket i sirkusteltet på Sandvoll, og konserten har blitt ståande i festivalsoga som ein av mest legendariske konsertane på Telemarkfestivalen. No, 25 år seinare, får me oppleve konserten i ei ny og spennande tapning. Alt ligg til rette for at 2018-utgåva av «Tramp» fort kan bli like legendarisk som den opphavlege konserten i 1993. Knut Reiersrud har samla eit realt stjernelag til den nye tapninga. Frå originalbesetninga kjem Knut sjølv, trommeslagar Paolo Vinaccia og Alagi M’Bye flys inn frå Gambia. I tillegg kjem Mathias Eick på trompet, Audun Erlien på bass og Sidiki Camara på perkusjon og cora. Eit heilt drøyt bra lag!

Det er duka for magi!

Medverkande
Knut Reiersrud – gitar
Paolo Vinaccia – perkusjon
Audun Erlien – bass
Sidiki Camara – perkusjon, cora
Mathias Eick – trompet
Alagi M’Bye – cora




Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.