Laster Arrangementer

Brør med ei moderne tilnærming til det tradisjonelle

Hans og Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron er to unge og markante felespelarar i folkemusikkmiljøet i Noreg.  Dei har ganske ulike musikalske bakgrunnar, men i denne duoen er dei i lag om å spele fantastisk folkemusikk, springleikar, hallingar, samt ein og annan vals. I 2016 vart debutplata «Pusinshi Ulla», lansert. Den er eit resultat av lang tids arbeid med å utforme lokale låtar frå Fronsbygdene med eit personleg og utfordrande språk. Samstundes har brørne gjennom studiar og samspel med andre musikarar opparbeidd seg ein stor lydpalett med meir moderne musikalske element og bruk av utradisjonelle virkemiddel. Ein av desse musikarane er Anders Røine frå Bø, som òg var produsent for debutplata og vil bidra på denne konserten.

 

Medverkande
Hans P. Kjorstad – fele
Rasmus Kjorstad – fele
Anders Røine – langeleik, munnharpe

FredagsFOLK

Kl. 22:00 – Blåfolk: «Bånsull og bomull» – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
Kl. 23:15 – Kjorstad Brothers med Anders Røine – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
Kl. 23:59 – Bogue Chitto – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
3 konsertar for 300,- Kjøp billett

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.