Du er her://Jon Anders Halvorsen: «Langsmed Straumen»
Laster Arrangementer

Ei musikalsk reise langsmed Straumen!

Straumen er den delen av Telemarkvassdraget som renn frå Flåbygd til Vrangfoss. I denne konserten får me høyre nylaga viser som er dikta på bygdemålet som blei bruka langsmed Straumen i 1930-åra. Jon Anders Halvorsen, som vaks opp i Lunde, har dikta visene. Han er ein kjennar av kvedartradisjonen i Telemark. Visene er personlege og relevante for menneske i dag og hentar inspirasjon frå stev- og visetradisjonen i Telemark. Innhaldet spenner frå det lyse og positive til det ettertenksame og stemningsfulle. Menneskets nærleik til naturen er eit sentralt tema. Det musikalske uttrykket ligg i grenseland mellom kveding og visesong. Med seg på konserten har han sin musikalske ven gjennom 15 år og gitarekvilibrist Tore Bruvoll, samt Anders Røine, Sondre Meisfjord og Christian Svensson.

Innleiing ved Kristian Ihle Hanto

 

Medverkande
Jon Anders Halvorsen – song, gitar, dulcimer 
Tore Bruvoll – gitar, piano 
Anders Røine – langeleik, gitar, munnharpe 
Sondre Meisfjord – bass 
Christian Svensson – perkusjon

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.