Du er her://Johanne Flottorp og Ingebjørg Lognvik Reinholdt
Laster Arrangementer

Nært og fint møte!

Johanne Flottorp frå Åmli gav hausten 2018 ut si første soloplate med slåttar frå heimtraktene og områda rundt. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull, og ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre. Johanne har utvikla ein personleg spelestil og ei eiga stemme i slåttespelet, og dette legg ho til grunn i alt ho gjer, samstundes som ho på best mogleg måte tek vare på det kjeldene og læremeistrane hennar har jobba fram i slåtteformene ho bruker. I 2017 blei Johanne uteksaminert frå Noregs musikkhøgskule, der ho har konsentrert seg om spelet frå Tovdal, Setesdal og Vest-Telemark dei siste åra. Kort tid etter eksamen gjekk ho igang med å førebu plateinnspelinga, og i april året etter var ho i Ormøy kirke saman med teknikar og produsent Niels Jørgen Røine og spelte inn favorittslåttane sine. Blant dei er alt frå velkjende setesdalsgangarar i nye former til ukjende teleslåttar som ikkje legg noko imellom. Debutplata kom ut i 2018 og vart nominert til Spellemann-pris!

Ingebjørg Lognvik Reinholdt

 

Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein kvedar frå Seljord i Telemark. Ho forelska seg tidlig i korleis folkemusikkens humoristiske, vakre og mørke skildringar fangar livet i all sin galskap.
Så medan andre ungar høyrde på Spice Girls og dansa til Michael Jackson, gjekk Ingebjørg opp til Ragnar Haugstøl og lærde seg gamle Seljordsvisur.

Sidan då har Ingebjørg mellom anna vore solist med Telemark Kammerorkester og Nidaros Domkor, ho syng i vokalduoen Fivil, og platedebutert i 2017 med «Songen om Guro», med musikk frå forestillinga «Guro Heddelid» som ho laga i 2016. Dei siste to åra har ho gått tilbake til utgangspunktet og solo kvedinga, med eit masterprosjekt der ho har funne inspirasjon og nytt liv i gamle kjelder som Aslak Brekke, Gro Heddi Brokke og Kari Dale. På denne konserten får de høyre kva den gjengen har å tilby oss (hint: nok til å bli forelska på ny), baka inn i Ingebjørgs favorittsongar i spennet freidige slåttestev til mørke middelalderballadar.

 

Dette vert ein fint og nært møte to markante, unge folkemusikarar!

Medverkande
Johanne Flottorp - hardingfele
Ingebjørg Lognvik Reinholdt - song

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.