Du er her://IntroFOLK: Ingvild Blæsterdalen og Mads Erik Odde
Laster Arrangementer

Semi-finale i Intro-FOLK-tevlinga

I tevlinga IntroFOLK tevlar seks av landets mest lovande folkemusikarar om å kunne kalle seg for «Årets unge folkemusikar 2018», speleoppdrag på Riksscenen, showcase på Folkelarm 2019 og Gramo-stipendet på 100 000 kroner. Telemarkfestivalen er vertskap for ei av semi-finalane, der Ingvild Blæsterdalen og Mads Erik Odde tevlar om ein plass i finalen. Semi-finalen vil vere ein del av programmet for Torgfestivalen.

Ingvild Blæsterdalen
Født 1989, frå Røros
Ingvild har vakse opp i folkemusikkmiljøet på Røros og vart tidleg drege med i Glåmos spellmannslag. I 2017 slapp ho debutplata, «Stayer», med Ingvild Blæsterdalen Trio, som spelar hennar eigne folkemusikk-komposisjonar. I vår er dei aktuelle med barnetilstellinga «Eleseus tegnelaboratorium». Elles er Ingvild fast medlem i «Sjuende far i huset», og opptrer ofte i duo med ektemannen Einar Olav Larsen eller i duo med Synnøve Brøndbo Plassen. Ingvild er mykje brukt som instruktør og jobbar òg i kulturskulen i Verdal.

 

Mads Erik Odde
Født 1991, frå Garmo i Lom
Han har spelt saman med felespelarar sidan han byrja å spele, og spelestilen ber preg av det. Samtidig utnyttar han trekkspelet til det fulle og likar å eksperimentere med slåttane. Repertoaret er stort sett tradisjonelle slåttar frå Nord-Gudbrandsdalen, med innslag av nyare komposisjonar og svenske slåttar. Framover vil han vise fram dette repertoaret til eit større publikum, og etterkvart gje ut soloplate. Han er nå ferdig med mastergrad ved Norges musikkhøgskule, og er no frilans musikar ved sida av jobb i kulturskule og diverse undervisning. Mads Erik er aktiv i forskjellige konstellasjonar, blant andre FIRO og Lendmenn.

 

 

Medverkande
Semifinalist 1: Ingvild Blæsterdalen - fele
Semifinalist 2: Mads Erik Odde - trekkspel

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.