Laster Arrangementer

Fersk nordicana frå Åmli

Det er ikkje så rart at det vart countrymusikk på Ingvild Flottorp. Søster og bror Johanne og Tobias speler i lag i Ruby Red & the Moonshine Brothers, og Johanne speler óg i The Northern Belle. Ingvild tek rolla som soloartist, men har solid støtte i ryggen frå andre medlemmar frå det raskt voksande Nordicana-miljøet. I april 2020 slapp ho debutplata si. «I’ll Be Allright» er delikat produsert, med Flottorps glassklare vokal som fokuspunkt. Flottorp har blitt hylla for ein tilnærma prikkfri inntreden på Nordicana-scenen – noko som viser at det gror godt i neste generasjon som har trua på «twang».

Obs! Samme billett som Byting.

Medverkande
Ingvild Flottorp – vokal, autoharpe, gitar
Johanne Flottorp – hardingfele
Tobias Flottorp Heltzer – bass
Mathias Hammersmark Olsen – gitar
Sigmund Vestrheim – trommer

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.