Laster Arrangementer

Kjenslevar og smektande flamenco

Vokalisten Ingrid Jasmin Vogt og gitarist Jesús Morente kjem med sin eigen tilnærming til flamenco! Flamenco-musikken er kjend for sin kompleksitet. Ingrid og Jesús blandar ulike rytmar og og taktar i same song, med stor melodisk variasjon. Den tradisjonelle flamenco-musikken er fundamentet i dette spennande musikalske samarbeidet, men utøvarane tar óg inn musikktradisjonar frå Noreg og Latin-Amerika.

Medverkande
Ingrid Jasmin Vogt – vokal
Jesús Morente – gitar

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.