Du er her://Homebru (aus)
Laster Arrangementer

Tasmanske djevlar?

For fyrste gong får Telemarkfestivalen besøk frå Tasmania – øya som ligg litt nedanfor Australia. Homebru er tre brør som speler original tå-tappande og hodenikkande musikk inspirert av keltiske folketradisjoner med ein særeigen tasmansk signatur. Homebru er kjend for smittande speleglede og livlege tonar. Dei har spelt på det som finst av australske festivaler, og er no klare for å erobre Europa. Dei startar med Bø og Telemarkfestivalen!

 

 

Medverkande
Ziah Cooper (Australia) – fele
Jes Lewincamp (Australia) – gitar
Taylor Lewincamp – (Australia) bass

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.