Du er her://Hardingfelekurs med Ottar Kåsa
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Få ei innføring i teleslåttar, personlig oppfølging og tips frå spelemannen Ottar Kåsa.

I relativt ung alder er Ottar Kåsa ein av dei mest markante spelemenn me har. Kåsa har gjeve ut to kritikarroste soloplater med hardingfele, «Ottar Kåsa» i 2012 og «Kjoskrullen» i 2016, som han vann både Spelemann og Folkelarm-prisar for. Kåsa er òg vinnar av landskappleiken heile fire av seks moglege gonger sidan 2011. Han er ein aktiv og ettertrakta spelemann som deltek på konsertar og held kurs. På kurset i hardingfelespel på Telemarkfestivalen vil deltakarane kunne forvente seg ei innføring i slåttar frå ulike delar av Telemark, samt personlig oppfølging med tips til forbetringar om nokon skulle ønskje det. – Eg kjem ikkje til å slå nokon over fingrane om dei ikkje får det til, seier kursinstruktøren med glimt i auget!

Kursdeltakarane tek med seg eigne hardingfeler.

OBS! Kun 15 plassar. INKL. LUNSJBUFFET

Påmelding

Påmelding med namn, telefonnummer, e-postadresse og postadresse sendast til: post@telemarkfestivalen.no

Kursverksemda på Telemarkfestivalen er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans og Norsk Musikkråd via KOMP.

Me takkar!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.