Laster Arrangementer

Vakker musikk frå Jemen

Jemen og Afrika er skild av eit hav. Eit hav av bøn, lidenskap, dans, kjærleik og lengsel etter fridom. Gulaza er fire musikarar frå Israel som har kome saman for å føre vidare den naturlege utviklinga av tradisjonelle jemenittiske kvinnesongar. Dette er instinktive og mystiske tekstar som har gått frå mor til dotter i fleire generasjonar. Gulaza tilfører ein moderne og tidsriktig meining til desse songane i ein særeigen og vakker instrumental komposisjon. Kombinasjonen der dei tradisjonelle songane møter strenger frå Sahara, cello og akustiske gitarar, og det faktum at songane for første gong er sunge av ein mann – skapar eit unikt og vakkert lydbilete som tar lyttaren inn i den djupe verda til kvinner i Jemen.

 

Konserten er støtta av Den isralelske ambassaden i Norge. Me takkar!

Medverkande
Igal Mizrahi – vokal, perkusjon
Ben Aylon – perkusjon
Ian Aylon – gitarar
Hilla Epstein – cello

LaurdagsFOLK

Kl. 20:00 – Wilhelmsen, Heilo og Karlsen – Gullbring kulturanlegg
Kl. 21:00 – Gulaza – Storsalen, Gullbring Kulturanlegg
Kl. 22:00 – Odd Nordstoga – Gullbring kulturanlegg
Kl. 23:30 – PolkaBjørn og Kleine Heine – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
4 konsertar for 600,- Kjøp billett

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.