Du er her://Gåte
Laster Arrangementer

12 år etter at dei ”gav seg”, er Gåte igjen aktuelle med ny musikk og nye konsertar.  Me er glade for eit heftig attersyn på Telemarkfestivalen!

Attersyn med Gåte på Telemarkfestivalen!


Gåte vart starta av søskenparet Sveinung og Gunnhild Sundli i 1999, og dei vart eit fenomen med si blanding av norsk folkemusikk og eksplosiv og progressiv rock, og ikkje minst – spektakulære konsertar! I perioden 2001 – 2006 selde dei over 100 000 album, lå på førsteplass på VG-lista, og vann Spellemann. Dei gjorde òg en fantastisk konsert på Telemarkfestivalen i 2005 – ein konsert det framleis gjeng gjetord om.

Gåte byggjer musikken på gamalt tradisjonsmateriale. Samstundes har dei eit behov for å skape seg noko heilt nytt. På den måten kan ein seie at det tradisjonelle møter det moderne i musikken til Gåte. Gåte er for tida aktuell med EP’en «Attersyn».  EP’en inneheld mellom anna to låtar der multikunstnar Knut Buen er tekstforfattar. Gåte og Knut Buen har gitt uttrykk for ei gjensidig begeistring for kvarande ved fleire høve, og dei har også spelt fleire konsertar saman – til dømes på Roskildefestivalen i 2003 og på Telemarkfestivalen i 2005. Me er glade for å kunne melde at det vert reprise i 2018!

«Nye» Gåte presenterer ei frisk og fornya tilnærming til bandets unike særpreg og uttrykk. Dei gleder seg til seg til å utforske vidare det som på mange måtar aldri vart fullbyrda grunna ein brå slutt for bandet i 2006. Dette er med andre ord like mykje ein byrjing som ein fortsetjing for bandet.  Me gleder oss til å få oppleve Gåte i storform på Telemarkfestivalen!

Medverkande
Gunnhild Sundli – vokal
Sveinung Sundli – feler
Magnus Robot Børmark – el-gitar
Ole Jonas Storli – keyboards
Jon Even Schärer – trommar

Gjest:
Knut Buen - hardingfele

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.