Laster Arrangementer

I 2023 var Kroa i Bø arena for det som blei ein tøff og spennande konsertkveld, og Telemarkfestivalen held fram med det som blir ein «svorsk» festaften med fantastisk folkemusikk frå Noreg og Sverige i bygdas storstove. Fredag 9. august vil desse syte for det som garantert vert ein fantastisk konsertkveld på Kroa i Bø: 

EIn billett for heile kvelden – 395,- + bill.avg.

Dørane opnar kl 20:00! 

 

 

Kl. 21:00 – Valkyrien Allstars

Gnistrande samspel frå eit landets beste liveband! 

Me er glade for å ønskje eit av landets beste liveband tilbake til Telemarkfestivalen! Valkyrien Allstars har sidan si første plate i 2007 vore ei leiestjerne i utviklinga av arrangert folkemusikk. Bandet har dratt i nye retningar for kvar plate dei har gitt ut, og har eit heilt eige uttrykk som dei ikkje delar med nokon i heile verda. Det foreløpige siste studioalbumet, «Slutte og byne» vann Spellemannsprisen. Tittelsporet vart raskt nærmast eit mantra for folket frå sør til nord, og albumet vart hylla som eit av dei beste albuma det året! Når dei no kjem tilbake til Bø. ryktast det at dei vil ha med seg ny musikk. Valkyrien Allstars lagar låtar som vert ståande som evig kjærleik og mysterium som aldri vert løyst. Både på plate og live ligg energi, inderlegheit og overraskande vendingar på ei seng av det som vanskeleg let seg simulere: gnistrande samspel.

Medverkande:
Tuva Syvertsen – vokal, hardingfele, elektronikk
Erik Sollid – gitar, hardingfele, elektronikk
Magnus Larsen Jr. – perkusjon
Martin Langlie – kontrabass

 


Ca kl 22:30 – Sara Parkman

Banebrytande svensk superstjerne
Svenske Sara Parkman har tatt den svenske folkemusikkscena med storm og rett og slett fått kultstatus innan moderne svensk folkemusikk. Songaren, felespelaren og låtskrivaren utforskar kva det vil seia å vera menneske – med kropp og sjel. Som tredjegenerasjons prestedotter, har Sara den religiøse folkemusikken i botn for alt ho gjer. Ho slo gjennom med albumet «Vesper» i 2019, og følgde opp med, «Eros Agape Philia» i 2022, og «Funeral Folk» i 2023 til strålande kritikkar og eit hagl av prisnominasjonar. Sara Parkman er ein banebrytande folkemusikar som er kjend for både å stille spørsmål ved og omfamne tradisjonar på en så uforskamma og samstundes så gjennomtenkt måte, at ein kan seie at ho har skapt sitt eiget musikalske univers som berre må opplevast. Med ein usedvanleg kraftfull vokal, intrikat felespel, synthar, trommemaskinar og ikkje minst – ei utruleg sceneutstråling vil ein konsert med Sara Parkman utvilsamt gjere eit usletteleg inntrykk!

Medverkande:
Sara Parkman – fiolin, vokal

Hampus Norén – harmonium, gitar, vokal
Anna Möller – fiolin, bratsj, vokal
Jennie Abrahamson– tangentar, vokal
Konrad Agnas – trommer

 

 

Ca 00:00 – Røine/Warg + Opheim: «Bibopalula»

 Dystopisk og mørkt under Lifjell 
“Sannsynligvis noe av det mest orginale siden finsk/svenske Hedningarne kom på banen” skreiv Arvid Skancke-Knutsen i Klassekampen om plata «Bibopalula» etter utgjevinga i 2018. Seinare fekk plata Folkelarmprisen i open klasse. Sidan den gong har plata fått ein smått legendarisk status, og Anders Røine og Daniel Sandén-Warg har berre spelt ein konsert sidan plata kom. Det skjedde på Riksscenen i mars 2023, og publikum som var til stades uttrykte stor begeistring. No skal me endeleg få høyre meisterverket i sin heilskap på heimebane i Bø, og høve til å høyre “Born in Bø”, “Postmann”, “Smal-Hans” og dei andre perlene i det mørke, dystopiske og til tider klaustrofobiske universet som dei røynde karane tek oss med inn i.

Før var det lyst, nå er det mørkt
Der det grodde er det knusktørt

Medverkande:
Anders Erik Røine – fele, gitar, langeleik, munnharpe, vokal
Daniel Sandén-Warg – hardingfele, fele, moraharpe, munnharpe, vokal
Kåre Opheim – trommer, perkusjon

 

 

 

Velkomen!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.