Du er her://«Vestfolk»: Folkemusikken frå Vestfold
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Spennande møte med folkemusikken frå Vestfold

I lys av sammenslåinga av Telemark og Vestfold og i forbrødringas ånd, så ønskjer me å rette fokus mot dei bortgøymde folkemusikk-tradisjonane i Vestfold med ein eigen konsert på Telemarkfestivalen. Søndre Vestfold spel & hagelag er i hovudsak ein trio beståande av Vigdis Andersson, Sissel Klohs og Karolina Westling som spele fele og syng. Dei har samla slåttemateriale frå Vestfold som består av både rigelar, valsar, hallingar, reinlenderar og springdansar. Til denne konserten har dei med seg eit knippe utøvarar frå Vestfold for å presentere ett breitt utval av slåttar, balladar, hvalfangerviser, salmer og springdansar.

Medverkande
Vigdis Andersson – fele
Sissel Klohs – fele
Karolina Westling – vokal, fele
Rikke Christine Roseng – vokal, ukulele
Elfi Sverdrup – vokal, fløyte og perkusjon
Lars Ingar Meyer Fjeld – hardingfele
Benjamin Rygh – dans, fele
Andrea Kasbo Rygh – dans, fele

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.