Laster Arrangementer

Dei tre Fjøllmannjentun er Gøril Ramo Håve, Inger Lien og Anne Svånaug Blengsdalen. I desember 2016 gav dei ut CD-en «Skattlandet» på…

Dei tre Fjøllmannjentun er Gøril Ramo Håve, Inger Lien og Anne Svånaug Blengsdalen. I desember 2016 gav dei ut CD-en «Skattlandet» på Etnisk musikklubb til strålande kritikkar. Målet med utgjevinga er å lyfte fram repertoar innan langeleik-, kveding- og hardingfeletradisjonen i dei øvre bygdene i Telemark, som i sein-mellomalderen vart kalla «Skattlandet». Tittelen er vald både for å spegle eit geografisk område og for å dokumentere eit svært rikt distrikt når det gjeld tradisjonsmusikk. Repertoaret er fyrst og fremst frå tradisjonsområda Rauland – Åmotsdal – Tinn – Møsstrond. Den musikalske profilen byggjer på variasjon med omsyn til ulike stille på hardingfele og langeleik, ulike vokale sjangrar og solistiske framføringar. Det vert eit spennande møte med musikkskattar frå Telemark.

 

Medverkande
Gøril Ramo Håve – langeleik
Inger Lien – vokal
Anne S. Blengsdalen – hardingfele

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.