Du er her://Festivalkviss
Laster Arrangementer

Festivalkviss med Jan Birger

Ni Liv har hatt mange lange bilturar til og frå konsertar. For å få tida til å gå litt fortare har gitaristen i bandet, Jan Birger Akerhaugen, gjerne fått oppgåva med å lage ein kviss til resten av bandet – noko han har kosa seg veldig med! Så mykje at han har gjeve ut to kvissbøkar med dei beste spørsmåla frå vegen. Denne kvelden vert det festivalkviss utanom det vanlege med varierte spørsmål, lytteoppgåver og mykje moro!

Medverkande
Jan Birger Akerhaugen - kvissmeister

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.