Laster Arrangementer

Evju bygdetun er ein historisk gard med verna kulturlandskap på Sætersbø mellom Bø og Gvarv. Evju Bygdetun arrangerar utstillingar, kurs, konsertar, foredrag,…

Evju bygdetun er ein historisk gard med verna kulturlandskap på Sætersbø mellom Bø og Gvarv. Evju Bygdetun arrangerar utstillingar, kurs, konsertar, foredrag, aktivitetsdagar og matdagar. Stiftelsen driv jord, skog og forvaltar 16 gardshus med aktivitetar knytt til formidling av kulturarv mot barn og unge, lokalbefolkning og turistar. Bygdetunet gjev husrom til fleire frivillige interessegrupper med ulike aktivitetar gjennom heile året. Evju bygdeturn er såleis eit unikt utgangspunkt for å formidle lokal og regional kulturarv i Telemark – og ein naturleg samarbeidspartnar for Telemarkfestivalen.

I lag vil me ønskje velkomen til ein hyggeleg familiedag på Evju bygdetun med musikk, dans, artige aktivitetar og god mat og drikke.

Me presenterar konseptet Evju Sessions der to utvalde utøvarar vil bu i lag på idylliske Tangen i nokre dager og skape ny musikk i lag. I år vil felespelaren Johanne Seim og vokalisten Marianna Sangita møtast i Evju Sessions.

 

Meir detaljert program for dagen, samt informasjon om eventuelle gjeldande smittevernreglar kjem så snart me veit meir!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.