Du er her://Eivør
Laster Arrangementer

Trollbindande frå Færøyane

Eivør har ei stemme av sjeldan skjønnheit og kraft. Ho vart først kjend i Noreg gjennom sitt samarbeid med Vamp, men ho står no fjellstøtt på eigne bein – og i heile verda er det berre Eivør som let som Eivør. Ho har ein rik musikalsk palett som ho nyttar til å skape sin heilt eigen versjon av fortryllande «folktronica» med hypnotisk vokal som varemerke. Eivør jobbar no med nytt materiale som skal følgje opp utgjevingane «Bridges» og «Slør» fra 2015. Eivør har blitt som ein Noregvenn å rekne med fleire glitrande konsertar. No kjem Færøyanes største stjerne endeleg til Bø og Telemarkfestivalen!

Medverkande
Eivør Pálsdóttir (Færøyane) – song, gitar, tromme med meir
Høgni Lisberg (Færøyane) – perkusjon, song
Mikael Blak (Færøyane) – bass, tangentar song

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.