Laster Arrangementer

Spel, dans og god stemning på torget!

Det dansast folkedans over ein låg sko i heile Telemark: på grendehus, samfunnshus, kulturhus, barar og mange andre stader. No kjem folkedansen til Bø torg når Telemarkfestivalen inviterer til ei storstilt feiring av dansen! I samarbeid med dansarringar frå heile fylket, vil me vise fram mangfaldet og dansens mange «dialektar» i Telemark. Dansarar og spelemenn frå Nes nasjonale dansarring, Bø dansarring, Tinndølan med fleire presenterer sine særeigne uttrykk frå folkedansen kledt i sine finaste bunader. Og det vert sjølv sagt høve til å svinge seg med i dansen!

Ps. Det vil vere eit stor telt på torget, så regn er ikkje noko problem!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.