Du er her://Crash Nomada (se)
Laster Arrangementer

Telemarkfestivalen likar å ha ei bredde der festivalen presenterer noko som er kjend for dei fleste, men også meir ukjend musikk som…

Telemarkfestivalen likar å ha ei bredde der festivalen presenterer noko som er kjend for dei fleste, men også meir ukjend musikk som kanskje kan gje publikum ein positiv overrasking. Den overraskinga kjem Crash Nomada frå Sverige til å stå for. Bandet har ein heilenergisk miks av punk og folkemusikk som garantert vil løfte taket i Gullbring. Musikken er ein unik hybrid av folkemusikk frå heile verda – lada med elektrisk punkrock-energi. Bandet omtalast som eit av Sveriges beste liveband. Forbered deg på ein intens blanding av folkemusikk fra Sør-Europa, Nord-Afrika og Skandinavia – blanda med herleg dose klassisk punk-rock!

Medverkande
Ragnar Bey – song, gitar)
Linus el Toro Fransson – trommer
Mathilda Sundin – bass
John Hagenby – el-gitar
Walter Salé – trekkspel
Sara Edin – fele

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.