Du er her://Charlie Rackstead & the Sticklesbergen Ramblers
Laster Arrangementer

Norske slagarar slik du aldri har høyrd dei før!

Historia om Charlie Rackstead er like fantastisk som den er inspirerande. Som ung gutt fekk Charlie Rackstead høre både historiar og songar frå «the old country» hjemme i Sticklesbergen, Minnesota, USA. Han let seg tidleg fascinere av det opphavlege norske – og særleg den den stolte norske musikkarva. Charlige fann seg sjølv bergtatt av artister som Åge Aleksandersen, The Kids, Randi Hansen, Halvdan Sivertsen og Knutsen & Ludvigsen. Det var diverre få som hadde den samme gløden for det norske språk, og dei gikk difor glipp av bodskapen i songene. Dei skjønte ikkje lengselen i «Forelska i læreren», desperasjonen og forvirringa i «Ku i tunnelen» eller den grensesprengande kjærleiken i «Hvis æ fikk være sola di». Charlie visste kva han måtte gjere.
Han samla eit knippe meir eller mindre musikalske vener med mål om bringe norsk musikk ut til eit amerikansk publikum – då på engelsk og med eit musikalsk uttrykk som stod godt til livet på prærien. Men prosjektet skulle vise seg å vekke interesse også i Noreg, og Charlie’s snedige varianter av norske hits vart etter hvert plukket opp av NRK P1-programmet «Lønsj» og programleiar, Rune Nilsson. Det som starta som eit kulturutvekslingsprosjekt har på kort tid blitt eit internasjonalt fenomen som har kulminert i albuma «Norwegian Classics» og «More Norwegian Classics». Her er norske klassikarar som «Splitter Pine», «Mil etter mil», «Kjærlighetsvisa» og mange fleire – direkte omsett til amerikansk og framført i beste bluegrass-tradisjon av Charlie Rackstead & The Sticklesbergen Ramblers. Norges største musikalske skattar får nytt liv og perspektivm og i forbrødringas ånd møter norsk pop- og rockhistorie den amerikanske folkemusikken i eit fyrverkeri av spilleglede og ektefølt kjærleik! Medan me venter på tredjealbumet «Even More Norwegian Classiscs» gledar me oss veldig å få oppleve Charlie Rackstead & The Sticklesbergen Ramblers på Telemarkfestivalen.

Medverkande
Charlie Rackstead – vokal, gitar
Morty Lion – banjo
Torsten Spitzcorkhaüser – bass
Steve Lundegaard – trommar
Peter Alexanderson – gitar
Eric the Eye – gitar/slide

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.