Du er her://Celtic Roots Ensemble
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Keltisk supergruppe

Det er ikkje kvar gong ein kan nytte uttrykket “superband” og kome unna med det, men med Celtic Roots Ensemble er det ei ganske nøyaktig skildring! Med musikarar som Knut Reiersrud, Aly Bain, Ale Möller, Tuva Syvertsen, Frasier Fifield, Eric Bibb og Olle Linder er det berre å feste sikkerheitsbeltet og gjere seg klar for ei musikalsk oppleving utanom det vanlege. Bandet vert sett samen for å gjere ei innspilling i serien “Jazz at Berlin Philharmonic” og medlemmane vart handplukka av produsenten, Siggi Loch. Føremålet med serien er å vise musikk som har hatt verknad på den europeiske jazztradisjonen frå ulike musikalske retningar, og her stod sjølvsagt den keltiske musikken for tur. Resultatet vart liveplata “Jazz at Berlin Philharmonic VI: Celtic Roots”, ei skive som fekk stor merksemd – både i jazzkretsar og elles i musikklivet over store delar av Europa. Spor for spor viser den fantastiske plata fram et eksepsjonelt lag av musikarar som bearbeidar både tradisjonelt materiale og nyere keltisk musikk med stor respekt. Dette må opplevast!

Medverkande
Knut Reiersrud – gitarar, lapsteel og munnspel
Ale Möller – mandola, trompet, fløyter, dulcimer, trøorgel
Fraser Fifield – saksofon, fløyter og skotsk sekkepipe
Tuva Syvertsen – vokal, hardingfele, trøorgel
Catriona Macdonald – fele
Olle Linder – perkusjon og kontrabass

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.