Du er her://Caoimhín Ó Raghallaigh & Dan Trueman
Laster Arrangementer

Spennande kombinasjon av norsk og irsk feletradisjon

Caoimhín Ó Raghallaigh speler tradisjonell og moderne folkemusikk på hardanger d’amore og andre feler. Dan Trueman er komponist, spelemann og elektronisk musikar. Begge er sterkt inspirert av den norske hardingfela som har hatt stor verknad på det musikalske samarbeidet deira. «Laghdú», tittelen på debutalbumet til Caoimhín Dan kan oversettast som ein reduksjon. Med ««Laghdú» undersøker dei DNA’et frå både norsk og irsk feletradisjon. Resultatet er noko nytt, sparsommeleg og fantastisk. Musikken spenner frå det nært stille til det til tider eksploderar i glødande samspel frå dei unike 10-strengsfelene deira. Dette er eit heilt unikt uttrykk med ein særleg eksepsjonell og uvanleg venleik. Instrumenta deira, som dei sjølv omtalar som «hardanger d’amore», er heilt unike i verdssamanheng og er laga av felemakar Salve Håkedal frå Birkeland.

Medverkande
Caoimhín Ó Raghallaigh (Irland) – hardanger d’amore
Dan Trueman (USA) – hardanger d’amore

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.