Du er her://Buen/Kåsa/Fjeld: «Slåttar siste sytti år»
Laster Arrangementer

Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Lars Ingar Meyer Fjeld er i dag tre av dei fremste hardingfelespele-mennene i landet.  Dei…

Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Lars Ingar Meyer Fjeld er i dag tre av dei fremste hardingfelespele-mennene i landet.  Dei er alle busette i Bø, og dei representerer alle Telemarks-tradisjonen – på kvart sitt vis. Denne tradisjonen er svært rik på slåttetilfang frå langt tilbake. Men det me ikkje høyrer om like ofte, er at det har blitt laga nye slåttar til alle tider, like fram til vår tid. Mange spelemenn har utvida repertoaret ved å komponere eigne slåttar, og dei slåttane som er laga i seinare år, kjenner vi ofte opphavet til. Spelemenn som Torkjell Haugerud, Johannes Dahle, Eivind Groven med fleire laga slåttar som har blitt tatt i bruk av andre og som har gått inn i speltradisjonen. Det er dette yngre slåtterepertoaret av namngitte komponistar som er tema for konserten med tittelen Slåttar siste sytti år. Lars Ingar, Per Anders og Ottar har gjort utvalet, og dei vil også ta med slåttar dei sjølv har laga.

Konserten er produsert i samarbeid med Sørnorsk folkemusikksenter.

Medverkande
Per Anders Buen Garnås – hardingfele
Ottar Kåsa – hardingfele
Lars Ingar Meyer Fjeld – hardingfele


Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.