Du er her://Borgjakonserten
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

125 år med topp spel og rekrutteringsarbeid i Bø

Årets Borgjakonsert vil ha overføringa av tradisjonar i spelet som tema. Torgeir Straand er programleiar og fortel om Borgja gard som kulturinstitusjon for hardingfela gjennom 100 år. Gjennom bilete og stutte lydopptak tek han deg med gjennom den organiserte hardingfeleopplæringa si historie i Bø. Det heile starta på Borgja i 1880-åra, då Lars Fykerud og Halvor Flatland var lærarar, og seinare kom Knut Dahle frå Tinn. I 1934 kom spelemannslaget Bøheringen med Gunnulf Borgen i spissen. Seinare Folkemusikkopplæringa i Telemark på 1970-talet, så Bø kommunale musikkskule og Bø juniorspelemannslag i 1980-åra. På 1990-talet kom Johannes Sundsvalen og overtok. Han er gjesteartist på konserten. I år har Lars Ingar Meyer Fjeld overtatt stafettpinnen. Meyer Fjeld er blant dei fremste spelemennene i landet på kappleikar no om dagen. Til dømes fekk han andreplassen på Landskappleiken i fjor. Han er Borgjakonsertens hovudutøvar.  I Bø har det alltid vore topputøvarar som driv opplæring, og slik skal det vere!

 

Medverkande
Torgeir Straand – programleiar, spel
Lars Ingar Meyer Fjeld – hardingfele
Johannes Sundsvalen – hardingfele
Bø Juniorspelemannslag – hardingfeler 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.