Du er her://Borgjakonserten: Torkjell Haugerud slåttar og Olav Kiellands kammermusikk
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Torkjell Haugerud (1876-1954) kom fra spelemannsslekt i Bø, og ein levande og brei interesse for musikk gjorde han til ein stilskapende spelemann,…

Torkjell Haugerud (1876-1954) kom fra spelemannsslekt i Bø, og ein levande og brei interesse for musikk gjorde han til ein stilskapende spelemann, kunnskapsrik musikar og dyktig komponist. Den klassiske musikken fekk han interesse for gjennom musikkmiljøet rundt prestegården og folkehøgskolen i Seljord. Han var ansatt som organist i Seljord kirke fra 1917-1947. Haugerud spelte også fiolin, leia eigen strykekvartett og hadde god kjennskap til det sentrale strykekvartettrepertoaret til Beethoven og Brahm. Som en kulturbærar innan både folkemusikken og den klassiske musikken vart han en inspirasjonskjelde for komponistar som Klaus Egge, Olav Kielland og Geirr Tveitt.

Olav Kielland (1901-1985) var ein svært anerkjend orkesterdirigent og komponist. Hans store interesse for norsk folkemusikk gjorde at han flytta til småbruket, Raudmyr, i Øvre Bø i 1941, der han budde resten av livet. Han dirigerte store orkestre i Europa og USA og fekk òg tilbod om stillinga som sjefsdirigent for New York Philharmonic Orchestra i 1939. I Noreg var han kunstnarisk leiar for Oslo filharmoniske orkester, Bergen filharmoniske orkester og Trondheim Symfoniorkester. I Telemark fann Kielland sitt rette miljø. Etter at han flytta til Bø bart Kiellands komposisjonar sterkt inspirert av folkemusikken – og særleg Torkjell Haugeruds slåttar. Kielllands komposisjoner er komponert i tradisjonelle former, og motivane, temaene og harmonikken har sine røter i folkemusikken. Dette gir hans musikk et personleg og unikt uttrykk som spennar fra neo-klassisk til ekspresjonistisk.

Olav Kielland som var venn av Haugerud, uttalte om Haugeruds lydarslått «Tårån i Tråppin»: «Eg veit ikkje nokon annan hardingfeleslått som i kultivert, klår og fin form, i åndskraft kan nemnast høgare. Eg torer seia at «Tårånn i Troppin» er Torkjell Haugeruds beste slått, og at dette geniale tonediktet set Haugerud på høgste plan som skapande norsk kunstnar.»

Denne konserten vil dreie seg om Torkjell Haugerud og Olav Kielland liv og virke og det spennande samarbeidet deira!

Medverkande
Knut Buen – hardingfele

Fragaria Vesca:
Tor Johan Bøen – fiolin/hardingfele
Christina Dimbodius (Sverige) - fiolin
Bénédicte Royer (Frankrike) – bratsj
Aurélienne Brauner (Frankrike) – cello


Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.