Du er her://Borgjakonserten: Aa. O. Vinje og hardingfela
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Me heidrar jubilanten med eigen konsert!

Øystein Romtveit og Ragnhild Hemsing er spelemenn på årets Borgjakonsert. I år er det 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje. Telemarkfestivalen markerer dette med Vinje som raud tråd for Borgjakonserten. Diktet «Nationalitet» av Vinje seier vel det meste om samanhengen mellom det lokale, det nasjonale og det internasjonale. Vinje har skrive om kor utruleg spent, og seinare stolt, han var da Myllarguten saman med Ole Bull løfta opp hardingfela som internasjonalt konsertinstrument.

Øystein Romtveit presenterte hardingfela for eit internasjonalt då spelte på opningsserimonien for OL på Lillehammer i 1994, og han kan vise til fleire topplaseringar på kappleikar i både spel og dans. Ragnhild Hemsing kjenner mange frå Nobelpris-konsert og eigne TV-program på NRK1. Lokalt er båe utøvarane eldsjeler og tradisjonsberar. Øystein spelar i Telemark-tradisjon etter faren Tarjei og mange andre kjelder. Ragnhild spelar i tradisjon frå Valdres, og har eit omfattande repertoar. Ragnhild er ein ettertrakta internasjonal fiolinist. Ho og Vinje har det globale som felles perspektiv.

Både «Blåmann, blåmann» og Edward Griegs internasjonale preg på det norske høyrer med i konserten. Den internasjonalt kjende pianisten Geir Botnen avsluttarkonserten med Grieg-komposisjonar i samspel med Ragnhild på fiolin. Dei har til felles god kjennskap til Færdaminne frå sommren 1864, og Grieg sine melodiar til desse dikta. Geir er også kjend frå Nobelpris-konserten, og ei rekkje lokale, nasjonale og internasjonale konsertar.

Ellen B. Nordstoga bur på Plassen, der Aa. O. Vinje blei fødd. Ho opnar konserten saman med unge kvedarar og dansarar frå Vinje. Ellen er i seg sjølv ein kulturinstitusjon, som har lært opp mange generasjonar i Vinje innan folkemusikk og -dans. Stadig kjem det nye elevar frå Ellen si ustoppelege vilje og glede over å gje vidare til neste generasjon. Torgeir Straand er programleiar.

Konserten er eit samarbeid med Norsk Hardingfelesenter.

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.