Laster Arrangementer

Ei herleg og knalltøff musikalsk rundreise

Med ein rufsete miks av norsk, afrikansk og amerikansk folkemusikk i handbagasjen, suser Bogue Chitto (tidlegare kjend som Rosseklovnkleppen) av garde på støvete interkontinentale landeveger. Bandet graver djupt og bredt i musikalske tradisjonar frå Vest-Afrikas kyst via den amerikanske prærie og heim igjen til gamle norske bygdefester. Summen av dette vert eit musikalsk kalas utan sidestykke der sjølv Ry Cooder, Ali Farka Tourè og Knut Buen skulle ønske dei stod på gjestelista. I april slapp dei sitt andre album på like mange år. «Red’s Lounge» fortset der den knallsterke debutplata «Nett ein liten joggetur» slapp!

Medverkande
Mattis Kleppens – bass
Are Rosseland – trommer
Marius Klovning – gitar

FredagsFOLK

Kl. 22:00 – Blåfolk: «Bånsull og bomull» – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
Kl. 23:15 – Kjorstad Brothers med Anders Røine – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
Kl. 23:59 – Bogue Chitto – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
3 konsertar for 300,- Kjøp billett

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.