Du er her://Blåfolk: «Bånsull og bomull»
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Supergruppe innan blues og folkemusikk

Våre vener på andre sida av Resjemheia  feirar 30 år som ein av verdas beste bluesfestivalar, og Telemarkfestivalen ønskjer å rette søkjelyset mot den unike samansetjinga av folkemusikk og blues som me har i dette området. Bluesen og folkemusikken har grunnleggjande likskap, men òg grunnleggjande skilnader, og nettopp dette musikalske skjeringspunktet ønskjer me å vise frem med eit eige konsertprogram med blå folketonar frå nokre av dei mest markante og anerkjende utøvarane me har i Telemark.

Bassist Mattis Kleppen er oppvaksen med ein fot i folkemusikken i Bø og den andre i bluesen på Notodden og kan omtalast som sjølve personifiseringa av blå folketonar. Medan meisterspeleman Ottar Kåsa hentar fram sitt alter ego, Muddy Myllaren, der både hardingfela og gitaren er med. Anne Gravir Klykken meistrar den vokale folkemusikktradisjonen i Telemark som få andre, medan Rita Engedalen si særeigne bluesstemme har begeistra i fleire tiår. Krona på verket kjem i form av strengekunstnar og nordlending Daniel Eriksen som har gjort Telemarking av seg.

Publikum kan glede seg til det som vert ein variert og spanande konsert i skjeringspunktet mellom blues og folkemusikk framført av ei formidabel supergruppe!

 

Medverkande
Rita Engedalen – vokal, gitar
Daniel Eriksen – gitar, banjo, slide
Ottar Kåsa – hardingele, gitar
Anne Gravir Klykken – vokal
Mattis Kleppen – bass 

FredagsFOLK

Kl. 22:00 – Blåfolk: «Bånsull og bomull» – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
Kl. 23:15 – Kjorstad Brothers med Anders Røine – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
Kl. 23:59 – Bogue Chitto – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
3 konsertar for 300,- Kjøp billett

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.