Du er her://Bjerk
Laster Arrangementer

Viser frå Vest-Telemark!

Johnny Kvaale Bjerk frå Høydalsmo har drive med musikk i fleire år, men det er fyrst no har har byrja å spele eigenlaga låtar. Musikken hans er viseinspirert folkpop framført på Vest-Telemark dialekt. Hausten 2017 presentere han den nydelege låta «Knekt», under artistnamnet «Bjerk». Fleire flotte låtar har kome ut i løpet av vinteren.

Bjerk vil varme opp for Ni Liv laurdag 11. april, samt spele på torget tidlegare på dagen! Med seg i bandet har han bøheringane Anders Hefre og Jostein Rormark.

Telemarkfestivalen er glade for å kunne presentere ein ny og spennande stemme på Telemark-scenen!

Medverkande
Medverkande:
Johnny Kvaale Bjerk – gitar, song
Jostein Rørmark – trommar
Anders Hefre – piano
TBA - bass

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.