Laster Arrangementer

Norsk folkesong i møte med afrikansk strengeleik

Trioen Aw/Cissokho/Ulvik springar ut av ein musikalsk kjemi utanom det vanlege i møtet mellom dei tre musikarane Liv Ulvik, Ibou Cissokho og Becaye Aw. Musikken er eit smykkeskrin av ulike tradisjonar. Norsk tradisjon, griot-tradisjon og fulani-tradisjon glir saumlaust over i kvarandre – med Becaye sitt unike gitarspel som drivande grunnstamme. Nykomponerte melodiar og linjer i tradisjonell stil frå alle tre utøvarar blandast organisk og intuitivt med gammalt tradisjonsmateriale. Alle utøvarane bidreg vokalt både trestemt og solistisk på ulike språk. Kora og gitar kling saman i ein lett, men kraftfull vev av linjer og harmoniar, og kler dei norske tonene i ein overaskande kledeleg drakt. Alle tradisjonane gir til kvarandre i overflod og glede.

Medverkande
Becaye Aw – gitar
Liv Ulvik – vokal
Ibou Cissokho – kora, vokal

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.